No er Sykkylven Brannkasse endeleg lansert med ny profil og ny nettside! Vi held fram med sterk lokal forankring, og det er dei same menneska som tidlegare som møter kundane.
Namnebyte – men framleis den same
Mange kjenner allereie namnet Sykkylven Gjensidig Brannkasse, som har vore ein del av lokalsamfunnet i generasjonar.
Frå 1. januar 2026 avsluttar Sykkylven Brannkasse sitt samarbeid med Gjensidige, og verksemda har i den samanhengen fått namnet Sykkylven Brannkasse. Samstundes held vi fram med lokale kontor og personleg rådgjeving, no i samarbeid med Frende Forsikring.
Les om det nye samarbeidet med Frende
Dagleg leiar Magnar Kvalvåg ser overgangen som ei moglegheit til å styrkje verksemda:
– Det viktigaste vi tek med oss vidare er arven vår: erfaringane, relasjonane og den lokale innsikta. Desse verdiane gir oss retning også framover, samtidig som vi får betre rammer og tilgang til eit fantasisk fagmiljø, seier Kvalvåg.
Han understrekar at overgangen skal kjennast trygg for både kundar og tilsette.
– Du vil framleis møte dei same folka, på den same adressa. Forskjellen ligg mest i det ein ikkje ser til dagleg: strukturar, system og verktøy som blir utvikla og fornya for å gi betre støtte og tenester, fortel Kvalvåg.
Kva betyr endringane for deg som kunde?
Du treng ikkje gjere noko akkurat no. Dei forsikringsavtalane du har i dag gjeld som vanleg, og du får god tid til å setje deg inn i det som skjer vidare.
Frå 1. januar 2026 startar vi samarbeid med Frende Forsikring. Du får nærare informasjon om korleis forsikringane dine blir følgde opp når tida er inne.
Målet vårt er at du skal kunne halde fokus på kvardagen din utan å bruke energi på tekniske endringar eller administrasjon. Vi sørgjer for at overgangen blir ryddig og forståeleg.
Eit framsteg med føtene planta lokalt
Mange aktørar vel å samle drift andre stader. Vi vel å satse vidare her, med lokal forankring og nærleik til kundane. Det gjer vi fordi vi meiner at forsikring framleis handlar om menneske og tillit, ikkje berre system og struktur.
Overgangen frå Sykkylven Gjensidig Brannkasse til Sykkylven Brannkasse og samarbeidet med Frende Forsikring etter nyttår er ikkje berre eit nytt namn eller ei praktisk omlegging. Det er ei forsterking av moglegheitene våre, både for dei som jobbar her, for lokalsamfunnet og for deg som kunde.
Kjernen blir den same. Vi skal vere til stades når noko skjer, gi støtte i det som er vanskeleg og hjelpe deg å kjenne deg trygg, både i dag og i framtida.