Engasjer deg i eitt av dei mest tradisjonsrike selskapa i Sykkylven! No kan du vere med å påverke kven som skal representere kundane i Sykkylven Brannkasse si generalforsamling.
Sykkylven Brannkasse sine røter går heilt attende til 1886 – ei historie vi er stolte av. Gjennom generasjonar har vi sikra liv, helse og verdiar som Sykkylven sitt einaste lokale forsikringsselskap.
Frå 1. januar 2026 bytte vi samarbeidspartnar frå Gjensidige til Frende Forsikring. Samstundes er organisasjonen og den lokale forankringa vår uendra, og strategien vår ligg fast: å vidareføre selskapet som Sykkylven sitt einaste lokale forsikringsselskap.
I tillegg til forsikringsverksemda har vi eit sterkt engasjement i lokalsamfunnet. Kvart år vert det brukt betydelege midlar på å støtte friluftsliv, kultur og idrett i heile bygda.
Slik fungerer valet
Sykkylven Brannkasse er eigd og styrt av kundane våre. Difor vel kundane sjølve 12 representantar til generalforsamlinga, der halvparten er på val kvart andre år.
Generalforsamlinga handsamar mellom anna årsrekneskap, årsmelding og andre vedtektsfesta saker.
Valkomiteen har innstilt 12 kandidatar til årets val. Dei seks som får flest stemmer, vert faste medlemer, medan dei andre vert vararepresentantar.
Slik stemmer du
Du skal ha motteke eit nyheitsbrev med lenkje til valet. Klikk deg inn og stem på den eller dei kandidatane du ønskjer.
Du kan stemme på så mange kandidatar du vil, men berre stemme éin gong.
Vi håpar du vil engasjere deg. Godt val!
Spørsmål? Kontakt dagleg leiar Magnar Kvalvåg på telefon 926 04 488.