Vi har samla spørsmål og svar på det mange lurer på om forsikringane sine og kva som skjer vidare.
Sykkylven Brannkasse har avslutta samarbeidet med Gjensidige, og held fram som lokalt forsikringsselskap i samarbeid med Frende. Du treng ikkje gjere noko!
For deg som kunde skjer det ingen endringar. Du kan når som helst velje om du vil vere forsikra hos oss lokalt.
Om du ønskjer å flytte forsikringane dine til oss allereie no, kan du fylle ut kontaktskjemaet, så kontaktar vi deg. Du kan òg ringe oss på 70 25 11 11, og du er som alltid velkomen innom kontoret.
Frende er kjend for å bry seg litt ekstra om deg, ditt og dine. Frende er eit solid, norsk forsikringsselskap eigd av sparebankar og brannkasser. Selskapet har trygg skadehandtering, Noregs beste kundeservice og blant landets mest fornøgde forsikringskundar. Dei heiar på lokal kunnskap og nærvær – akkurat som oss!
Du finn informasjon om brann- og naturskadeforsikringa di når du loggar inn. Kontakt oss her eller ring oss på 70 25 11 11 om du er usikker.
Du har 14 dagars angrerett. Tenker du på å trekkje tilbake aksepten eller lurer på noko, kan du ringe oss på 70 25 11 11.
Du finn informasjon om Frende her.
Frende er eit solid, norsk forsikringsselskap eigd av sparebankar og brannkasser. Selskapet har trygg skadehandtering, Noregs beste kundeservice og blant landets mest fornøgde forsikringskundar. Dei heiar på lokal kunnskap og nærvær – akkurat som oss!
Brannforsikringane dine held fram hos oss også i 2026. Sidan vi no har avslutta samarbeidet med Gjensidige og etablert samarbeid med Frende, vil vi gjerne ta ein prat med deg for å gi deg moglegheita til å samle alle forsikringane hos oss lokalt. Du får då inntil 17 prosent totalkunderabatt i Frende. Heile vegen blir rådgjevaren din hos oss den same som du kjenner frå før, og vi sørgjer for at du blir godt ivareteken.
Telefonnummer: 70 25 11 11
E-post: kontakt@sykkylvenbrannkasse.no
Besøksadresse: Skulevegen 5, 6230 Sykkylven
Postadresse: Sykkylven Brannkasse, Postboks 147, 6239 Sykkylven
Organisasjonsnummer: 956 365 996